
Kistekleiva Opp, eit motbakkeløp tilrettelagt for funksjonshemma, vart arrangert for 10. gong sundag 20. september av primus motor Trond Helgheim Spurkeland i samarbeid med Varegg og Bergen kommune. Løpet går frå gravplassen i Eidsvåg til Langevatnet og samla i år i underkant av 30 deltakara som forserte løypa under til dels krevjande vêrforhold. 5 stk hadde tatt turen heilt frå Førde for å delta!
I anledning 10-årsjubileet stilte Bergen kommune med kaker på toppen, i tillegg til frukt og smoothie frå Rema 100 Eidsvåg.
Både Åsane Tidene, Firda og TV Bra har hatt repotasjer frå årets løp.
Takk til arrangørane Trond Helgheim Spurkeland, Bjørn Harald Bongom, Bjørn Rusten Lundberg, Karl-Magnus Tobiassen og Camilla Rødberg med sine 3 medhjelpara frå Bergen kommune. Takk òg til Jose frå Mova for å sørge for oppvarminga i år òg.
