Råsterk innsats i EM Motbakkeløp

Per-Christian Færøvik Grieg bekreftar sin posisjon som ein motbakkeløpar av internasjonalt format med ein kjempeflott 9. plass i juniorklassen (U20) under EM i motbakkeløp i sveitsiske Zermatt.

Per-Christian forserte den 5,9km / 440h.m lange løypa på 30:06,4 og var med det 1:18 bak vinnaren, britiske Joseph Dugdale. Gratulerar!
Gratulerar òg til Gneists Stian Øvergaard Aarvik med ein fantastisk sølvmedalje i seniorklassen (10,1km / 1030h.m)!

07.07.19