Mulismilen - sidan januar 1968

For den historisk interesserte er det følgjande ei god oppsummering av historia (skriven av Knut Grove).

Mulismilen er Bergens eldste mosjonsløp. I januar1968 kunne friidrettsgruppa til Bergensstudentens idrettslag (BSI) for første gong by inn til eit "minilandeveisløp over 11 km". Løpet skulle vera eit uhøgtidleg vintertilbod for konkurransesugne løparar, både “aktive kondi­sjonister og “den lille mosjonist". Løypa var slik ho sidan har vore: med start og mål ved Mulen i Fjellveien, sørover Fjellveien og ned Bellevuesvingane, inn Tarlebøvegen med vending ved Steinbruddet i Isdalen og tilbake. Her vart Paul Bruvik første vinnar på 36.21.

Mot slutten av 1970-åra kom så 5-kilometeren til. Først var dette eit alternativ når været ikkje gjorde det råd å løpa inn i Isdalen, men frå rundt 1990 vart distansen eit fast og populært alternativ til den lange varianten. I 2011 vart løypene kontrollmålte og 5km justert med dei nødvendige metrane. Det vart også slått fast at den lange løypa var noko kortare enn 11km.

Vær og føreforhold gjorde saman med fleire løpstilbod om vinteren at løpet har blitt flytta frå vinter til vår – først frå februar til medio mars, og etter at Varegg tok over som arrangør i 1999 til april. Været har også gjeve avlysningar – tre gonger. Og deltakartalet har variert mykje – frå rundt ti til rundt 130. Saman med ustadig bergensk vær viser tala også til at satsinga på løpet har vore skiftande.

Mulismilen var ikkje tenkt som eit løp som skulle samla dei store massane, og ofte har feltet vore betre i kvalitet enn kvantitet. Men det har det meste av tida samla ei hard kjerne av mosjonistar, der bedriftslaget til Den Nationale Scene, Shakespark, leidde an frå syttiåra og i mange år framover. I Varegg-tida har heimeløparane sørga for at det alltid har voregode folk å bryna seg mot. Særleg har Alemayehu Sitotaw utmerka seg der han sju gonger har vore først til mål i ein av dei to løypene.

I 1990-åra hadde løpet ofte sterke felt på den lange distansen, gjerne som siste test før NM i halvmaraton seinare på våren. Det var også då dei beste tidene kom, med Nils Engeviks 32.41 (1997) som fortsatt er løyperekord, følgt av Svein Erik Eide 32.46 (1992 og 1995) og Jan Fjærestad med 33.00 (1990). Det same galdt på damesida, der Hilde M. Fjelltveits 38.06 (1990) framleis står, foran Sigrid Rennas 38.51 (1992). Også på 5 km har det mange gode løp. Sjølv om kontrollmålinga i 2011 viste at løypa var litt for kort, var Øyvind Fretheims bestetid på 14.18 (1998) i eit sterkt felt av eit anna kaliber enn det Mulugeta Hulensavs (2012) toppar med i den nye løypa på 16.16. Det same gjeld på damesida, der Camilla Benjaminsson (1995) hadde rekorden på 16.25, medan Nancy Sommers (2011) rekordtid i den kontrollmålte løypa er 19.58.

Mulismilen har sidan 1968 spegla skifta i nivå og løpsinteresse i Bergen. Når løpet nærmar seg 50 år, er det igjen slik BSI ønskte det då dei sette i gang sist på 1960-talet: eit tilbod både for lokale toppløparar og for “den lille mosjonist”.

Tilbake til hovudartikkelen og påmelding (trykk lenke).

Vinnarar sidan 1999 og løyperekordar
1999 - 52 deltakarar
K5: Aspevik, Synneve 19.33 
M5: Christensen, Jan Erik 15.11
M10,4: Sitotaw, Alemayehu 34.47
K 10,4: Losnegaard, Liv A. 46.43

2000 - 42 deltakarar
K5: Storedale Ingrid,24.29,
M5: Fretheim Øyvind,15.16
M 10,4: Losnegaard Liv Astrid,48.53,
M 10, 4: Sitotaw, Alemayehu 35.39

2001 – 18 deltakarar
K 5: Hansen, Gunnlaug 25:41
M5: Bjørstad, Vebjørn17:23
M10, 4: Rosvold, Johannes 35:06
K 10,4: Aspevik, Synneve 46:33

2002 – 38 deltakarar
K5: Gulli,Irene 18:26
M5: Ramstad,Kjetil 14:40  
M10,4: Dyrvik,Kjetil 35:47
K 10,4: Sandvik,Bjørg 46:39

2003 – ca 60 deltakarar
K 5: Fasting,Kari 19:57  
M 5: Eikanger,Bjarte 15:59
M10, 4: Dyrvik,Kjetil 35:50
K 10,4: Aspevik,Synneve 47:19

2004 – ca 50 deltakarar
K5: Collett,Karin 22:15
M5: Sitotaw,Alemayehu 16:41
M 10,4: Akselberg,Jan Vidar 36:39
K 10,4: -

2005 – ca 60 deltakarar
K5: Færø,Sara Rebekka 20:21
M5: Sitotaw,Alemayehu 15:43
M10,4: Eikanger,Bjarte 35:06
K10,4: Lipniacka,Anna 54:55

2006 –37 deltakarar
K5: Færø,Sara Rebekka 20:56
M5: Eikanger,Bjarte 15:57
M10,4: Nilsen,Arnt Inge 34:30
K10,4: Hestad,Audhild 43:24

2007 – 11 deltakarar
M5: Akselberg,Jan Vidar 16:45
K5: Albrektsen,Grethe 21:22
M10,4: Dyrvik,Kjetil 37:15
K10,4: -

2008- 48 deltakarar
K5: Jacobsen, Christine 21:08
M5: Føleide, Geir 17:34
M10,4: Dyrvik,Kjetil 37.40
K10,4: Flatgård, Kate 47:10

2009- 35 deltakarar
K5: Linde, Christina 21.39
M5: Sægrov, Leif 16.39
M10,4: Sitotaw, Alemayehu 36.09
K10,4: Sommer, Nancy 45.27

2010- 34 deltakarar
K5: Sande, Hanne Mette 18:49
M5: Joensen, Espen 16:09
M10,4: Sitotaw, Alemayehu 38:45
K 10,4: -

2011 – 37 deltakarar (kontrollmålt 5 km)
K5: Sommer, Nancy19:58 rek.
M5: Sitotaw,Alemayehu 16:47 rek.
M10,4: Andresen,Trygve 39:40
K10,4: Helgheim; Merete 43:06

2012 – 67 deltakarar
K5: Hundhammer, Marte Hjortland 20:16
M5: Hulensav, Mulugeta Zewde 16:16 rek.
M10,4: Blanco, Miguel 34:59
K10,4: Sommer, Nancy 44:14

2013 – 60 deltakarar
K5: Hopland, Christina Ellefsen 18:52 rek.
M5: Eide, Stig Atle 17:18
M10,4: Blanco, Miguel 35:43
K10,4: Vik, Elisabeth 45:00

2014 – 40 deltakarar

K5: Sørland, Gunn-Therese 23:02

M5: Fossmark, Morten 17:23

M10,4: Taranger, Bjørn-Tore K. 37:34

K10,4: Svendal, Gro 42:10

2015 – 45 deltakarar

K5: Slethaug, Thea 21:19

M5: Bøhmer, Jens 16:37

M10,4: Vedvik, Marius 32:32 rek.

K10,4: Dvergsdal, Eli-Anne 38:26

2016 – 34 deltakarar

K5: Dvergsdal, Eli-Anne 17:42 rek. 

M5: Vedvik, Marius 15:08 rek.

M10,4: Røen, Oskar 38:27

K10,4: Sommer, Nancy 46:19

Gjeldande løyperekordar:

Menn 10,4 km: Marius Vedvik (2015) 32.32

Kvinner 10,4 km: Hilde M. Fjelltveit (1990) 38,06

Menn 5 km: Marius Vedvik 15.08 (2016)

Kvinner 5 km: Eli Anne K. Dvergsdal 17:42 (2016)

Startfeltet i 1974 (Fotokilde: Ove Drange)

27.02.16