Mobilisering til stafettsesongen

Når vi kommer til sommersiden av Påsken, vil vinteren slippe taket og våren ta over. Det betyr kribling i beina, og tid for taktomslag. Stafettene er oppkjøringsaktivitet nummer 1. Ingenting har bedre effekt på bein med mye vintertrening enn et par stafettetapper. Meld deg klar for innsats på Vareggs stafettlag.

Innpisker Bertine hilser til alle Varegg-damer.

Hei alle spreke damer!

Det nærmar seg stafettsesong, og eg håpar så mange som mogleg har lyst å vere med. Varegg stiller med lag (og helst fleire lag) i klassane junior, kvinner senior, kvinner veteran (35år+) og superveteran (45år+). Dette er sosialt og veldig gøy, så eg håper flest mogleg tar utfordringa. Det er også ein ypperleg arena til å vise fram det flotte miljøet og bredda me har i Varegg. Det er ingen krav til verken form eller erfaring - her er alle velkommen!

Datoane som er verdt å merke seg er:

  • 11.04 Den tradisjonsrike Fristafetten i Arna. (Start 19.45)
  • 25.04 Gneiststafetten ved Fana Stadion
  • 01.05 Ask stafetten på Askøy.

Det kan ofte vere litt krevjande å sette saman lag og skaffe akkurat nok løparar til laga. I tillegg skal laga meldast på innan fristen. Det er difor fint om ein meldar interesse seinast 14 dagar før kvar stafett. Hugs også at å springe uvante distansar er kjempegod trening. Interesserte løparar kan melde seg på til Bertine-Helene Færø eller Heidi Ann Bruknapp (senior + kvinner veteran), og superdamene til Hanne Liland.

Holmenkollstafetten 5.mai spesielt

Når det kjem til Holmenkollstafetten spring me i år i eliteklassen etter opprykket i fjor. Dette selskapet krev litt ekstra av oss utan at det skal gå ut over idrettsgleda. Me har stor tru på at me kan bite godt frå oss her også - kanskje vert me «best i byd’n»? Målet må uansett vere å kome oss raskast frå A til B. Uttaket vil ta utgangspunkt i lokale stafettar, testløp + evt andre løp der distansen er relevant. Testløp er open for alle uavhengig om ein vil delta på HKS eller ikkje, og god trening. Dato for testløp kjem når det er klart.

12.03.18