Kjempeflott innsats under NM motbakke

Dei grå vêrmeldingane vart gjort til skamme og sola skein då Valldal IL feira 100års-jubileet med å arrangera NM i motbakke, Mefjellet Opp. Varegg var sjølvsagt sterkt representert.

Stian Angermund-Vik tok bronse i seniorklassen. Han enda rettnok som nr.4 i løpet, men vinnaren, spanske Killian Jornet, får ikkje NM-plassering. Stian føler at godformen enno ikkje er på plass og at han dermed ikkje fekk ut full kapasitet. Han synest likevel det var eit flott og godt arrangert løp. Ungguten Per-Christian Færøvik Grieg heldt fram framgongen og tok ein flott bronse i juniorklassen. Elles vart det ein røys av medaljar i veteranklassane, ingen var så ofte oppe på pallen som utøvarane frå Varegg.

Resultat: https://live.eqtiming....

Bileter kjem på facebook.


22.06.19