Kistekleiva Opp 2019

Kistekleiva Opp vart arrangert for fjerde gong 14. september. Kistekleiva Opp er eit motbakkeløp tilrettelagt for utviklingshemma og går opp Munkebotn frå Eidsvågsida med målgang ved Langevatnet. Løpet vert arrangert av primus motor Trond Spurkeland og hans ivrige assistent Knut Grove i samarbeid med Varegg og Bergen kommune. 

Ca. 60 ivrige mosjonistar deltok på årets løp, noko som er ny rekord. Dei fleste valde å gå opp i turklassen, men konkurranseklassen samla òg ivrige deltakara. På toppen venta medaljar, frukt og drikke til alle. Vêrgudane kjende si besøkelsetid og haldt seg rolege til løpet var gjennomført, noko som bidrog til å gjera arrangementet til ein suksess. Kun blide fjes å sjå. 

Takk til medhjelparane, som i tillegg til Trond og Knut, i år var: Ellen Lovise, Solgunn, Sara-Rebekka, Stian, Bjarte, Bjørn Harald og Karl-Magnus. 

Sjekk ut arrangementet si facebookside for meir informasjon og bileter: https://www.facebook.com/kistekleiva/ 

15.09.19