Julehelsing

Kjære alle i Varegg Fleriddrett

Nok eit travelt og begivenhetsrikt Varegg-år går mot slutten. Det har vore eit år med mange fremganger og gode resultater. Varegg-løpara har representert landslaget både i orientering, fjelløp og motbakkeløp. EM i fjelløp gjekk av stabelen i Skopje 1. juli med Eli Anne Dvergsdal (4. plass) og Sara-Rebekka Færø Linde (27. plass) på startstreken. Under Orienterings-VM i Latvia i august var Håkon Jarvis Westergård med på det norske laget som enda på ein flott 4. plass i sprintstafett. Eli Anne Dvergsdal og Per-Christian Færøvik Grieg var Vareggs representanter under VM i motbakke i Andorra. Per-Christian representerte òg, saman med Erlend Sørheim, Varegg under Youth Skyrunning World Campionship i Italia. VM i Skyrunning vart arrangert med diverse løp i skotske Kinlochleven i september. Her vart det fantastisk uttelling til Vareggløparane med éit gull (Jonathan Albon), éin sølv (Thorbjørn Ludvigsen) og to bronse (Stian Angermund-Vik). Eli Anne Dvergsdal sikra seg nok eit NM-gull i motbakke i tillegg til å vinne dei fleste lokale løpa i løpet av sesongen.

Jentesatsinga i Varegg opplevar ein gledeleg oppsving for tida. Etter å ha kvalifisert seg til eliteklassen i Holmenkollstafetten i fjor, enda dei på ein imponerande 4. plass i årets debutsesong på det øvste nivået. Under NM i terrenløp kort løype på Osterøy i vår tok Eli Anne Dvergsdal og Christina Ellefsen Hopland ein flott bronsemedlaje på stafetten. Under NM terrengløp lang løype i haust vart jentene til Varegg beste klubb totalt, og skal dermed delta i EM i terrengløp for klubblag i Portugal i februar.

Flaggskipet vårt, Stoltzekleiven Opp, hadde 40-årsjubileum i år. Som seg hør og bør vart det dobbeltseier til Varegg med Thorbjørn Ludvigsen på herresida og Eli Ann Dvergsdal på kvinnesida. Her vart det delt seier med Karoline Holsen Kyte. Dette er første gong i Stoltzens 40-årige historie at det vert delt seier. Jubileet vart markert med ein flott jubileumsbok som forhåpentlegvis ligg under mange juletre i morgon.

Takk til alle som har bidratt med flott dugnadsinnsats i året som har gått. Løpa våre, spesielt Stoltzekleiven Opp, kunne ikkje vore arrangert utan frivillig innsats frå medlemmane. Det er òg ein stor innsats som vert utført meir i «det skjulte» gjennom ulike verv og trenaroppgåver. Til slutt er det på sin plass å takke våre mest erfarne medlemmar som heldt Badstuen, Varegghytten, Stoltzekleiven m.m. vedlike. Alle sin innsats er avgjerande for at Vareggskuta skal flyte stabilt.

God Jul & Godt Nyttår!

Styret i Varegg Fleridrett

23.12.18