Hjartestartar i Badstuen

Varegg har gått til innkjøp av ein hjartestartar til Badstuen. Den er plassert oppå kleshylla til høgre for inngongsdøra (oppe). Hjartestartaren høyrer til i Badstuen og skal som hovedregel ikkje medbringast på arrangement.

Lege Lorentz Erland Linde vil halde eit innføringskurs i bruk av hjartestartaren onsdag 19. september kl. 20 i Badstuen. Møt opp!

12.09.18