Friidrett for barn og ungdom

Varegg friidrett for barn og unge er delt inn i fire undergrupper.

For dei yngste legg treningane vekt på leik og allsidigheit. Dette gjev ein introduksjon til friidrettens mange øvingar. Etter kvart som barna vert eldre vil treningane bestå av variert kondisjonstrening, styrke, spenst og koordinasjonstrening. Det vil då vere anledning til å prøve friidrettsøvingar i både hopp, løp og kast. I tillegg vert det organisert turar til friidrettsstemner og treningsleirar lokalt og i utlandet. Stafettar i nærområdet er blant vårens høgdepunkter. Varegg stiller også med elitelag både i herre- og kvinneklassen i Holmenkollstafetten for dei over 15år.

Har du spørsmål - ta kontakt pr epost til infovaregg@gmail.com

Velkommen!

19.08.16