Arrangør Arild Een melder fra Voss: 21. juni, kl. 12:00, går startskotet for Klondyke Opp Vertikal kilometer Voss. Dette fjellaupet, som leverer 1000 høgdemeter på 3,6 km, er motivert av eit ynskje om å lage til eit skikkeleg sugande laup for alle som likar å springe til fjells. Laupet går opp ein særs bratt og luftig trasé og utsynet frå toppen er fantastisk. I Mellom-Europa er det ikkje uvanleg å konkurrere om kven som raskast kan leggje bak seg ein vertikal kilometer (1000 høgdemeter) og med Klondyke Opp har òg nordmenn fått denne sjansen. Klarar nokon å kome seg til topps på under 40 minutt?
To ferske NM-vinnarar i motbakkeløp har meldt sin ankomst til Klondyke Opp!! Stian Hovind-Angermund vart norsk meister i seniorklassen medan Karoline Simpson-Larsen vant juniorklassen, førre helg i Sauda. Om nokon vil måle motbakkeformen vil dei på Klondyke få sjå kvar lista ligg!
Les mer om Klondyke Opp på Facebook.
Norgescupløperene drar til Luster, Marifjøra og Molden Opp. Molden (1116 m.o.h.) gjev deg kanskje den flottaste utsikta i heile Luster. Her har du panoramautsikt til fjorden, Breheimen og Jotunhemen.Løypa har ikkje unnabakkar. Løypa er særs variert både med omsyn til løpsunderlag og stigningsprosent. Etter om lag 1,5 km (og 110 høgdemeter) på brei turveg/ traktorveg/ grusveg, går løypa på sti oppover i skogen med store variasjonar i stigningsprosent mellom 5 og 25 opp til stølsområdet ved Svolsete 775 moh. Frå Svolsete og opp mot mål går løypa i lettløpt fjellterreng, men med nokre bratte kneiker som kun dei aller beste kan springe opp. Opp mot toppen er det flott utsyn sørvestover mot Hafslo, nordvestover mot Gaupne, Jostedalen, Jostedalsbreen og nordaustover mot Lustrafjorden, Skjolden, Fanaråken og Hurrungane i Jotunheimen.
Les mer om neste løp i norgescupen hos arrangøren.
Vareggløpere på arrangørens startliste:
Startnr | Navn | Klasse | |
386 | Nilsen | Ørjan | M 35-39 |
387 | Engeli | Lars | M 35-39 |
388 | Christie | Caroline | D 35-39 |
389 | Angermund | Henrik Champ | M 23-34 |
Laurdag 21 juni 2014 blir Raudvatnet Opp arrangert for 7. gang. Konkurranseklassen startar kl 17:00 (fellesstart). Trimmarane kan gå frå kl 15:30 fram til 16:30. Alle som deltar i år, får den gode joggesokken til Safa med Raudvatnet Opp logo! Starten går på motsatt side av vegen ved BIR sin gjenbruksstasjon i Raunekleiva (mellom Gullbotn og Ådland). Løypa er 4 km. Stigning er 425 m. Første del går på skogsveg før ein går over på god sti. Løypa er stort sett alltid tørr og fin. Det er jamn fin stigning gjennom heile løypa. Mål ved sørsida av Raudvatnet.
Hos Samnanger Il kan du lese mer om løpet.
2014-06-19 07:43:23