Det var Vonen-guttene som tok kampen for vareggfargene i skisporet denne helgen. Yngstemann var den skarpeste.
Dei tradisjonsrike renna til Viking og Fana hadde i år status som KM. Begge renn endte til slutt opp i skianlegget mellom dei mange åsane på Voss, etter å først å bli flytta til Sjusete og Øystese. Den harde vinden gjorde at løypetraseane var lagt lenger ned i terrenget enn elles, men gjorde at løparane fekk gode forhold. Vareggs tropp var ikkje av dei største, men Magnus N. Vonen viste god framgang trass i lite skigåing etter nyttår. I fristilrennet (Vikingrennet) laurdag, kom Magnus inn som nr 5, medan han i Fanas klassiskrenn sundag tok steget opp på nederste palltrinn. Far Brynjulf gjorde eit forsiktig comeback etter ein lang skadeperiode, og plasserte seg i klassiskrennet sundag greit midt i laget i ein sterkt veteranprega seniorklasse. For resultat, sjå http://www.langrenn.com/
2014-02-02 19:17:37