Varegg-vinnar i Vestlandske skistemne

Laurdag gjekk Vestlandske skistemne av stabelen i Voss tur –og skisenter.


I dei harde NM-løypene gjorde vareggutane ein god innsats i det som i år var eit fristil-renn. Yngstemann Magnus N. Vonen vart nr 4 i kl G 14, som gjekk 3 km. I ein veteran- og vareggdominert seniorklasse stilte den finslipte fristilteknikaren Kåre Hansen til ein sjeldan start på 10 km. Kåre viste solid form og tok heim ein klar siger. Her kom Tom Erik Jensen inn som nr 5, rett før klassikaren Brynjulf Vonen. Resultatliste: http://www.vossil.no/minebilder/resultatliste%20vestlandske%202013.pdf

2013-03-11 14:45:32