Samnanger Il fikk til renn og flotte dueller på den første og svært milde søndagen i 2013.
.
Til tross for dårleg vér og sterkt minkande snø siste veka, klarte Samnanger Il også i år å få til eit fint arrangement i skianlegget på Totræna, med godt over 200 deltakarar. Dei fire frå Varegg gjennomførte alle i bra stil. Magnus N. Vonen viste stor framgang i fristil og kom inn som nr 7 i gutar 14 år, som gjekk 3 km. Mellom dei som gjekk ein noko lang 10 kilometer viste Sindre Østgulen Deisz i kl 19-20 at kondisjon og kapasitet kan kompensera for manglande skitrening og kom inn som nr 2 (35.58) (og slo dermed Oskar Røen med 18 sekundar). I ein stor veteranklasse kom Knut Grove inn som nr 5 (35.24) , medan Brynjulf Vonen som nr 9 (37.41) var best av dei som valte å gå klassisk også i fristilrenn.
Resultater finner du her.
Foto fra en tidligere duell der Sindre Deisz utkjempet mektige Oskar Røen
2013-01-07 07:37:46