Søndag var Vareggløpere på plass i klassikeren Torefjellsrennet
Dei mest skiglade i Varegg tok turen vidare frå Voss og til Øystese søndag. Torefjellsrennet er eit av dei få turrenna som går i fristil. Magnus Vonen gjekk bra i konkurranse med opp til to år eldre konkurrentar, og kom inn som nr 9 i klassen under 16 år. Tom Erik Jensen gjekk inn som nr 5 i den store klassen for dei rett over 40, medan Brynjulf Vonen tok ein pen 2. plass i klass 51-55 - truleg også denne gongen utan skøytetak. http://www.sjusete.com/
2013-03-11 14:44:14