Vareggs skiløpere bet fra seg, i skarpt vintervær, på Voss, Sjusete og Geilo denne helgen.
Flotte forhold med sol og minusgrader for lokale skiløparar i helga. Sundag var det Parkstafetten på Voss, med status som KM. Her stilte Varegg med lag i gutar 13-16 år. Trioen Magnus N. Vonen, Markus Kjærner-Semb og Styrk Almeland Bleie gjorde her ein solid innsats og sikra seg ein 9. plass i ein stor klasse etter ein hard duell med Fana på sisteetappen. I seniorklassen stilte Varegg som einaste klubb med eit reint veteranlag, der Brynjulf Vonen, Jan Kjærner-Semb og Kåre Hansen kom greit frå nappetaket med sine langt yngre motstandarar. Sjå resultatlise.
Laurdag gjekk Kvammajakta på Sjusete av stabelen. I rennet med skibytte halvvegs (klassisk + skøyting), kom Magnus N. Vonen inn som nr 9, midt i klasse G14. Magnus gjekk godt i løypa, men var uheldig under skibyttet og mista der gruppa han gjekk saman med, og dermed fleire plasseringar. Brynjulf Vonen viste dei andre veteranane korleis motbakkar skal gåast i klassisk og at skibytte ikkje er nødvendig for alle. Nr 2 i klassen (51-55), men godt over minuttet raskare enn Knut Grove (45-49), som fekk tilsvarande plassering i sin klasse (45-49). Alle resultat her.
Geir Lindberg tok turen til Geilo og kom greit frå sitt come-back som langrennsløpar med startnummer som brystet på turen rundt Ustedalsfjorden. Sjå resultatliste.
Magnus N. Vonen energisk spurtande mot mål i jaktstarten på Sjusete.
2013-01-14 05:40:53