Ungdommens holmenkollrenn har status som NM for dei yngste skiløparane. Diverre vart Magnus N. Vonen sjuk i veka før, og var langt frå restituert då han stilte til start i den store og harde G14-klassen. Lørdagens klassisk var dermed ein forventa nedtur frå fjoråret, medan fristilrennet søndag viste at Magnus snart er tilbake i godt slag. Sjå http://www.emit.biz/races/
Ørnarrennet i Myrkdalen over 35 km gjekk som vanleg under litt trøblete smøreforhold. Ørnarrennet er nærast ein lett forkorta versjon av Birkebeineren, og har også status som seedingrenn der. Frå Varegg var det berre dei utflytta vossingane Britt Kjersti Jåstad og Knut Grove som tok turen til det fine stølsterrenget på andre sida av alpinanlegget i Myrkdalen. Britt Kjersti viste god framgang frå i fjor, og fekk sjansen til å prøva korleis det var å stå øverst på pallen. Knut kom seg også brukbart gjennom, og fekk ein delt andreplass i sin klasse. Sjå www.langrenn.com/oernarrennet-
2013-03-03 08:43:45