Snømangelen gjorde at Fana og Viking måte flytta renna sine til Sjusete. Dermed vart det skytteltrafikk til Hardanger for unge og gamle skiløparar - til snø, sol og strålande forhold. Laurdag var det Fanarennet i fristil og fellesstart, sundag klassisk og enkeltstart. Varegg hadde gledeleg mange løparar med, som koste seg i det fine veret. For dei fleste som var med begge dagar gjekk det best i klassisk. Der gjekk Magnus N. Vonen (G14) inn til ein fin 2. plass, berre ti sekundar etter vinnaren, etter å ha vorte nr 7 dagen før. Elles vart Mathias Kjærner-Semb (G12) nr 11 laurdag og nr 9 søndag; Markus Kjærner-Semb (G15) nr 7 og 6. I seniorklassen som igjen inkluderte veteranane, gjekk Brynjulf med sine klassiskski inn på ein fin 10. plass på 30.09, medan Jan Kjærner-Semb vart nr 13 på 31.40 i debutløpet sitt på distansen. Tom Erik Jensen var tilbake på start og endte som nr 16 (32.32). Søndag klatra Brynjulf nokre plassar, og kom inn som nr 7 (30.24) etter ei god avslutning (3 sekundar framfor velrenommerte Brigt Strømmen). Knut Grove kom inn som nr 13, medan Jan Kjærner-Semb vart nr 20. (35.51).
Bileta er frå søndag, og er tekne av Ellen Lovise Ravneberg Grove.
Flotte forhold og glade tilreisande på Sjusete.
Konkurransedebut og premie for Live Vonen (J10), som når ho ikkje går på ski for Viking er ein ivrig deltakar på treningane til Vareggs friidrettsrekruttar.
Mathias Kjærner-Semb i godt driv mot mål i G12.
Markus Kjærner-Semb demonstrerer fin staketeknikk i G15.
Magnus N. Vonen i energisk sluttspurt i G14.
Brynjulf Vonen i god fart.
Fotografen var også ute på ski!
2013-01-20 21:10:51