Vellykka Varegg-skisamling på Vestlia

Skiløperane gjennomførte sist helg ein triveleg snøsamlig. Ifølge rapporten vart det terpa og trent slik Varggløpare har for vane.

15 skiglade vareggløparar i ulik alder brukte helga til skisamling på Geilo med innkvartering på Vestlia. Ei gruppe dominert av velvaksne veteranar og trivelege tenåringar fekk ei flott helg i høgfjell-staden. Dei ivrigaste reiste alt fredag morgon, og la mange kilometer bak seg før resten kom opp på ettermiddagen. Alt då siste pulje kom opp, lava snøen ned.  Det heldt han fram med det meste av dei to neste dagane.

Laurdag var det først fellesøkt med instruksjon med Eivind Rundberg frå Toppidrettsgymnaset på Geilo. Etter ei grundig innføring i skitekniske grunnomgrep og treningsprinsipp, vart teorien omsett i praktiske øvingar. Vareggløparane vart berømma for sin stabile overkropp, der det nok helst var motbakketeknikken på barmark som på meir eller mindre effektivt vis vart overført til skiløypa.

alt

Første instruksjon. Eivind Rundberg fortel om grunnposisjonar og tyngdeoverføring.

Sundag var det terping på fristilteknikk etter same mønster som laurdag. Trygve Andresen viste god innsats i så vel løype som med kamera også på Geilo, og laga i tillegg ein videosnutt frå fristilsinstruksjonen som viser mange døme på gode skiferdigheiter hos gamle og unge vareggheltar: http://youtu.be/wLKrf8AATv4 Eivind instruktør gav gode tilbakemeldingar til deltakarane. Han understreka særleg verdien av å tenkja teknikk på kvar økt, og på det å gå utan stavar som den kanskje enklaste måten å betra skiteknikk i så vel klassisk som fristil.

alt

alt

Klare for fristil-instruksjonar….

altalt

--og så ut i løypa. Og Chris Jespersen var i Canada, men jammen hadde han eit skipar til overs til Geilo-bruk….

Dei fleste fekk gjennomført to økter så vel laurdag som sundag; der restitusjonsfasen siste dag gjerne vart i knappaste laget. Vestlia la forholda godt til rette, og fekk fine skussmål frå ein fornøgd gjeng. Hyggelege fellesmiddagar kvar dag fremja fellesskapet. Dei yngste oppdaga raskt bassenget på Vestlia, og supplerte skigåinga med ivrig aktivitet i vatnet.

Og takka vera forseinkingane til NSB, kom alle seg også på toget og vel heim.

alt

Klare for siste tørn med fristil-terping.

2012-12-18 17:37:33