Fana inviterte til ope klubbrenn på Totland, og fekk mange på besøk frå Varegg.
Arrangøren var litt uheldig med dei eksterne påmeldingane, og fekk dessutan ekstra påtrykk etter at Viking valgte å avlysa onsdagens lysløyperenn på Fløyen. Kulden i startområdet var verst for arrangørane, og løypene var bra, om enn litt slitte nokre stader.
Varegg viste godt igjen mellom alle dei raudkledde Fana-løpararne med ni mann på startstrek. Av dei unge fekk Magnus Vonen (13-årsklassen) gledeleg nok følge av Markus Kjærner-Semb og Styrk Bleie Almeland (14-årsklassen).
Resten var plasserte I ein stor seniorklasse. Her stakk Stian Hovind-Angermund av med sigeren, etter stor innsats i motbakkane og svært gode ski nedover. Halvanna minutt bak tok Stig Atle Eide ein 8. plass med Brynjulf Vonen nokre sekund etter. Knut Grove kom inn som nr 13, vel minuttet bak dei. Trygve Andresen tok rennet som tilleggstrening til sine lange løpeturar, men fullførte I fin stil. Steinulf Tungesvik måtte diverre bryta etter den første av dei I alt tre rundane I lysløypa. Resultat her: http://fanail.no/sitefiles/7/
Eit knippe Varegg løparar etter endt dyst. Frå venstre Stian Hovind-Angermund, Trygve Andresen, Stig Atle Eide og Knut Grove.
(Bilete: Sverre Slethaug, Fana il)
2012-02-01 06:10:38