UH, Grenaderen og Grindåsen

StigAtle lite-100 Solid aktivitet og innsats også i langrennsgjengen i helga. Knut Grove rapporterer.

 

Etter å ha vore uheldig i fleire renn så langt i vinter, leverte Magnus N. Vonen i klassisk under Ungdommens Holmenkollrenn laurdag. Ein pen 88. plass mellom dei 277 i 13-årsklassen var nest best av hordalendingane og godt innanfor dei som fekk premie. Sjå http://www.langrenn.com/gode-oppgjoer-i-ungdommens-holmenkollrenn.5022607-1743.html.   I dagens fristilrenn endte Magnus midt på lista - 147. av 287 fullførande - jf. http://www.emit.biz/races/2012.02.19/Ungdommens_Holmenkollrenn/index.htm. Sjå også biletet nedanfor.

Ikkje langt unna gjorde Stig Atle Eide ein fin innsats i eit av Norges mest tradisjonsrike og lengste turrenn - Grenaderen. Under vanskelege smøreforhold gjorde han unna dei 90 kilometrane på 6.15, og plasserte seg med det som nr 24 av dei 86 som fullførte i kl 41-45. Omtale og liste kan studerast på http://www.langrenn.com/grenaderloepet-vunnet-av-thagaard-og-christiansen.5022556-1743.html

Lokalt arrangerte Fana il Bergens einaste turrenn, Grindåsen rundt med start og mål på Totland. Rennet vart greit avvikla i vått og ufyseleg vér. Frammøtet attspegla nok det dårlege veret, men rundt 25 løparar kom seg rundt løypa på rundt 17 km. Knut Grove var einaste Varegg-løpar og kom inn som sjettemann, 2.25 etter Brigt Strømmen som tok sin tredje strake siger. Sjå http://fanail.no/sitefiles/7/langrenn_skiskyting/Innbydelser_resultater_terminlister/2012/resultatlistetelenorGrindasenrundt_1.pdf

 

S__6A41

Ein fornøgd Magnus i nasjonalanlegget

2012-02-22 19:26:28