Skiløpararane som tok veg til Samnanger og Totræna møtte som vanleg gode løyper i eit effektivt og fint arrangement, trass i varmegrader og lett regn.
I konkurransen som gjekk i fristil, kom Vareggs fire deltakarar seg etter føresetnader og ulike val av målestokkar alle greit gjennom sine løp, om enn uten denne gongen å prega toppen av resultatlisten. Magnus N. Vonen i 13 årsklassen var litt prega av at han kom direkte frå fotballsamling til fristil, men viste på 3 km-distansen at han blir å rekna med når sesongen for alvor kom i gang. Sekunda framover mot toppen var ikkje mange.
På 10 km stilte det tre. Sindre Østgulen Deisz i 18-årsklassen stilte med ski på beina for første gong i år, men leverte ut frå det eit OK løp der teknikken kom seg etter kvart. Knut Grove og Brynjulf Vonen var med på å fylla veterankvoten i ein forholdsvis stor seniorklasse. Klassikaren Brynjulf valgte å halda seg til denne stilarten løpet gjennom. Med Knut på fristilski fekk ein dermed ein interessant konstatering av forskjellen i fart i klassisk og fristil mellom to elles nokså jevne løparar, med ca 2.30 i fordel Knut. Resultatliste her: http://www.langrenn.com/samnangerrennet.5005460-114053.html
2012-01-09 21:01:54