Nordmenn i den spanske fjellheimen

For andre år på rad tok ein kontingent nordmenn turen til dalføret Val d`Aran på den spanske sida av Pyreneane for å gå skirennet Marxa Beret på 42 km.

Lyn-løparen og Varegg-venen Håkon Høst har laga ein fin reportasje frå turen og rennet: http://www.lynski.no/senior-tur-m/1735-lyn-ski-veteraner-med-sterk-innsats-i-pyreneene.

I den oslotunge delegasjonen var det i år Knut Grove som fylte Varegg- og Vestlands-kvota, og tok seg inn til ein 22. plass totalt, greit plassert mellom dei øvrige nordmennene på lista. Resultat her: http://www.marxaberet.com/Index.aspx?lng=eng

2012-02-07 15:35:12