KM og Kollen

Lørdag var det skimaraton i Holmenkollen. Søndag arrangerte Ulvik kampen om plassering i fristils-KM.

I ei flott skihelg var det vareggdeltaking så vel i Nordmarka som på Drevtjørn. Brynjulf Vonen og Knut Grove tok laurdag den lange turen gjennom Oslos åsar og fjell.  Begge hadde ein tung dag under elles flotte forhold, der Brynjulf både ville og klarte mest, og sleit seg inn på 3.23. Først 15 minuttar etter klarte Knut å finna vegen til mål gjennom den stadvisse tåka  (som kjent ein norsk attraksjon) i nasjonalanlegget. På resultatlistene er det også mange andre frå bergensområdet (sjekk Viking og Fana):  http://results.ultimate.dk/smartres/?eventid=917#box_top_header_anchor

Medan KM i Ulvik gjekk utan vareggløparar i klassisk laurdag, tok fleire vegen til dei harde løypene under fristil-løpa i dag. Deltakinga i gute- og jenteklassane var gledeleg stor, med opp til 30 deltakarar i nokre alderstrinn. Sjur Mjør gjorde ein grei debut for Varegg hos 12-åringane. I 13-årsklassen endte Magnus N. Vonen midt i laget. Av dei som gjekk 15 km var Stian Hovind-Angermund ikkje uventa raskaste vareggløpar. Den allsidige atleten frå Asker og Minde tok ein fin 2. plass mellom seniorane. Mellom veteranane sesongdebuterte Kåre Hansen med å ta heim sitt første KM-gull (kl 45-49) sidan han i ungdomsåra herja i sprintklassane på friidrettsbanen.  Namn og tal her: http://ulvikil.no/wp-content/uploads/2012/02/2012-02-12-KM-Fri.pdf

2012-02-13 09:23:23