Harde tak i Hardanger

Fanarennet vart flytta til Sjuset før snøen gjeninntok Totland. Vareggs utsendte møtte flotte løyper og strålande vér i den gamle stølsgrenda ovanfor Øystese.

Med fellesstart vert det  tette duellar, men også større sjanse for kollisjonar og uhell. Magnus Vonen fekk merka det siste, då han etter fin start i 13-årsklassen (3 km) fekk trakka av seg hempa på staven , måtte stoppa opp og dermed mista heile feltet etter  berre ein halv kilometer.  Magnus måtte derfor trass i god kjemping finna seg i ei plassering lenger nede på lista enn vanleg.

På 10 km vart det tett ut frå start, i eit felt på rundt 50 deltakarar som samla alle frå junior til veteran pluss.  Midt i haugen tok Brynjulf att Knut 500 meter før mål, men utan å få dei avgjerande metrane før oppløpet. Knut kunne dermed til slutt gå i mål nokre sekundar før klassiskspesialiteten.  Resultat her.

PS: Sian Hovind-Angermund var østenfor langfjellene denne helgen. Han bet godt fra seg i massemønstringen Vestergyllen som ble vunnet av Unni P. Moseby og Anders M. Høst. Begge med indirekte knytninger til Vareggs treningsmiljø. Les mer her.

Mer informasjon om helgens hendelser finner du i sakene:

2012-01-23 05:44:40