Skientusiastane frå Varegg som tok turen til Geilo fekk tre fine dagar i løypenettet ved og rundt Ustedalsfjorden.
Litt kaldt fredag kveld og laurdag, men elles flotte forhold. Litt trå snø vart meir enn oppvegd av glimta med sol som sette regnvåte bergensarar i den rette vinterstemninga. Søndag var forholda nær ideelle, med fortsatt sol, men berre rundt fem minus.
I eit opplegg med rom for individuelle tilpasningar, vart dei to øktene med teknikkinstruksjon det minste felles multiplum. Så leverte då også dei to instruktørane Nina Gässler (friteknikk) og Aleksander Gullesen (klassisk), der begge gav aha-opplevingar for så vel dei yngste som dei eldre deltakarane. Også dei mest teknisk skulerte var svært tilfredse med utbyttet. Dei andre øktene gjekk føre seg i beherska tempo, om enn ikkje alltid innenfor sone 1-intensiteten som bør dominera i dei første møta med snøen.
Initiativtakar og hovudorganisator Brynjulf og Hogne som både auka overnattingskapasitet og sørgde for dyktige instruktørar, gjorde saman med dei humørfylte unge samlinga til ei flott oppleving . For samla fungerte opplegget godt både for dei yngste og dei eldste, med fleksibilitet og rom for eigne behov som stikkord. Sluttordet vert som i ein gamal skulestil: Alle var samde om at det hadde vore ein fin tur .
Hofta fram og skuldrene ned! Skiinstruktør Gullesen framfor ein lydhør forsamling. Frå venstre Stian, Magnus, Kyrre Sataøen (bror til Hogne), Markus og Hogne.
Markus i godt driv med fin tyngdeoverføring.
Hogne og Knut var godt nøgde med instruktør Gullesen etter endt teknikkterping.
Dei finare finessane for diagonalgang vert gått gjennom. Magnus, Jan, Brynjulf og Hogne følgjer nøye med.
Lang, lang rekke, ingen ut av rekka gjekk. Diagonalteknikken tek til å sitja.
Steinulf demonstrerer perfekt svingteknikk.
Pådrivar og organisator Brynjulf viser perfekt diagonalgang.
Etter treningsstrevet var det tv og snop i hytta. Brynjulf, Steinulf, Jan, Markus, Rasmus, Knut og Magnus. Lars Ivar stod som vanleg og tøyde, denne gongen bak fotograf Stian og er dermed heller ikkje å sjå.
(bilete: Steinulf Tungesvik/Stian Hovind-Angermund)
2011-12-20 17:13:50