Klassikaren Ørnarrennet stod fram i ny ham sundag, der løypa var flytta til traktene mellom Myrkdalen og Oppheim, forlenga til 37 km og gjort til seedingrenn for Birkebeinerrennet. Endringane i rennet som vart laga til for 60. gong (nest eldst i Noreg, etter Birken) vart tekne godt i mot, og sjølv om arrangørane hadde fortent enno fleire deltakarar var stemninga god i eit felt med bra kvalitet. Føret baud på store utfordringar, der rubbe- eller zeroski var dagens clou. Stig Atle mestra føre og løype best, og kom inn til ein fin 2. plass i klassen (M41-45) på 2.13, rundt 11 minuttar etter totalvinnar Odd Inge Medhus. Knut Grove kom inn på 2.24 og som nr 5 i klassen (46-50). Resultat her:
www.ornar.no.