Knut Grove melder at skiløperne ikke har dyrket latmannslivet i vinterferien.
Magnus Vonen avslutta vinterferien som han starta den: med eit godt skirenn. Denne gongen i fristil i Nordrennet i Vestfold, der han vart belønna med ein fin 4. plass i ein stor G12-klasse. Sjå http://nordresande.no/../../images/stories/Skigruppa/resultatt_nordrerennet_2011.pdf Lars Ivar Berge og Knut Grove tok vegen til Voss og neste års NM-arena på Voss ski- og tursenter, der Herresåsen rundt vart laga til. Lars Ivar, framleis ikkje heilt tilbake etter å ha vore sjuk, sleit seg inn til ein 2. plass i klassen på 1.33 (kl 31-35), medan Knut som hadde ein betre dag enn på lenge i dei fine løypene på ca 27,5 km, kom inn på 1.29 og ein 3. plass i sin klasse. (kl 46-50). Rennet vart vunne av Einar Bystøl og Lars Selheim, der dei to heimefavorittane kom inn på 1.22. http://vargar.no/../../images/stories/pdf2011/herresosen%20rundt%202011.pdf
2011-03-07 08:48:39