Storehaugen Opp - knallsterkt av Arild Een

Lærdølene er stolte av motbakkeløpet "Storehaugen Opp". Det sies at du skal være svært sterk i både beina og hode for å hevde deg.

Arild Een er antagelig begge deler. Vossingen fra Varegg konkurrerer ikke så ofte som vi kunne ønske, men når han stiller er det med styrke. I dag var det bare fjorårets beste motbakkeløper, Øyvind Heiberg Sundby som greide å hamle opp med Arild. Løpet starter nede i Lærdal, 15 meter over havet, og har målgang på toppen av Storehaugen som er målt til 908 meter over havet. Arild fikk tiden 34.52.

Mats Andersen var ikke helt fornøyd med dagsformen. Han fikk ikke den responsen fra beina som trengs når han er i godt selskap. Mats gjorde målgang etter 35 minutter og 32 sekunder.

Nancy Sommer var fjerde jente til toppen, men måtte se seg slått av sønnen Anders. Anders fikk 46.52, mens Nancy kom inn på 47.08. For Nancy holdt tiden til klasseseier.

Resultater fra Storehaugen Opp finner du her.

alt

Arild demonstrerer "hands low, arms relaxed" på toppen av Ulriken (foto: Kondis.no)

Pressemelding fra arrangøren:

STOREHAUGEN OPP 2011

 

Friidrettsgruppa i Lærdal il arrangerte for tredje gong motbakkeløpet Storehaugen Opp Kristi Himmelfartsdag 2 Juni.

Været var også i år perfekt, tross varierande værmeldingar siste dagane. Stien var tørr, det var lettskya og 11 grader på toppen.  Lærdal er ein av dei mest nedbørfattige stadane i Norge.

Løpet er 3,4 km og har ein gjennomsnittleg stigning på 28%, på den bratte avslutningen, siste 100meterane stig det 50%. Storehaugen er på 908 moh.

Det vart rekord i antal mosjonistar, antal aktive og det vart løyperekord under årets Storehaugen Opp.

310 mosjonistar gjekk i eige tempo utan tidtaking på Storehaugen, 124 starta i konkurranseklassen og i alt var 434 personar på Storehaugen denne dagen. Dette er me arrangørane utruleg nøgde med.

Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve, Norgesmester i motbakkeløp, tok løyperekorden med nær 1 minutt på tida: 32.58.  I fjor sette Asbjørn Berland løyperekorden med 33.51.

Nr 2 under årets løp var vinnaren frå 2009, Arild Een, Varegg IL,  med tida 34.52. Tredje beste var Jan Olav Tjønneland. Viksdalen Il  på 35.10. Utruleg gode tider!

Av kvinnene var Anna Margrete Tråve, Lærdal Il, uslåeleg med den knallgode tida 41.55. Ho er 56 år og blir berre sprekare med åra. Anna var berre 37 sekund frå å slå løyperekorden til Merethe Helgheim frå 2009. Viser elles til resultatlista: www.topptid.no

Mosjonistane danna ramma rundt arrangementet og her var det deltakarar i alle aldra, dei minste i bæremeis og dei eldste med stavar.

Dugnadsinnsatsen i bygda er stor og nær 250 L væske var bore opp av frivillige i dagane før løpet. Det er ikkje vatn å finne på traseen og heller ikkje straum på toppen  det gjer det litt meir krevande å arrangere, men desto meir gledeleg at responsen er so god.

Me vil rette ein takk til alle sponsorane, Lærdal kommune, Lærdal Røde Kors Hjelpekorps, elevbedrifta Lærdal Digital, einskildpersonar som gjer det mogeleg å arrangere Storehaugen Opp. Me er særs nøgde med dagen og deltakinga.

Me ynskjer alle deltakarane og fleire til velkomne tilbake neste år!

Arrangørane av Storehaugen Opp,

Bjørghild, Jan Christian, Anna og Tor Anders


2011-06-03 05:29:17