Pressemelding fra en president

Christian Prestegård, tidligere tittulert Motbakkepresident, har august som sin store måned. Derfor har han nå koblet inn turboen i markedsføringsmotoren.

Vareggs motbakkegruppe er på offensiven og løperne gleder seg til nye utfordringer. Oppmann for motbakkegruppen Eirik Vestrheim er oppglødd etter den vellykkede samlingen i Ulvik sist helg. Den store troppen fra Varegg fikk oppleve motbakkeløp på sitt aller beste, både sportslig og sosialt.

Melding fra presidenten:

Topp internasjonal deltaking i Buff Fanaråken Opp 6. aug. 2011 www.fanaraaken.com

Buff Fanaråken Opp er Nord-Europas største motbakkeløp og idrettssosiale festdag som har mål over 2000 moh.

Buff Fanaråken Opp er eit unikt arrangement med målgang 2068 moh ved Nord-Europas høgastliggjande turisthytte Fanaråkhytta.

Fjorårets løp var det åttande sidan starten i 2003. Buff Fanaråken Opp vart ein ny arrangementssuksess med ny deltakarrekord.

Det var praktfulle løpsforhold då 568 deltakarar ( 402 i trimklassa og 166 i konkurranseklassa ) gjennomførte den 8,6 km lange løypa med 1.200 m stigning frå Turtagrø Hotel til Fanaråkhytta. Det ligg godt an til å bli ein ny rekordstor motbakkefest på Fanaråken i år

Sjå reportasje på Nrk.no http://go.nrk.no/go/e/main_pos2;siteId=185;afu=www.nrk.noa47sognogfjordane/http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7240367

Sjå også Kondis.no http://www.kondis.no/anita-haakenstad-evertsen-vann-buff-fanaraaken-opp.4804982-127693.html

Buff Fanaråken Opp har dei siste åra vorte eit topp nasjonalt og internasjonalt arrangement med deltakarar frå heile verda.

Fanaråken Opp har saman med La Sportiva Skåla 1848m rett opp vore dei to motbakkeløpa ( av 140 motbakkeløp i 2010) som har hatt størst internasjonal deltaking.

I år er det påmeldt deltakarar frå m.a. frå England, Scotland, Tyskland, Sveits, Østerrike, Eritrea, Kenya og Sverige. Mange vil delta i Buff Fanaråken Opp som oppkøyring til 10-års-jubileet i La Sportiva Skåla Opp veka etterpå . Det er i år rekordstor påmelding i konkurranseklassane i begge løpa.

Buff Fanaråken Opp og La Sportiva Skåla 1848m rett opp har også samanlagtpremiering som kallast La Sportiva Dobbel Opptur. I fjor var det Anita Håkenstad Evertsen og David Schneider, Sveits som vann La Sportiva Dobbel Opptur.

I Buff Fanaråken Opp skal deltakarane m.a. kjempe om kr. 42.000 i pengepremiar. Det er pengepremiar til dei tre beste totalt ( kr. 10.000, kr. 5.000 og kr. 3.000) og til raskaste løpar under 20 år ( kr. 3.000).

I herreklassa får fjorårsvinnar David Schneider, Sveits tøff konkurranse av bl.a. Thomas Bereket, Eritrea , John Sompol, Kenya , Sam Hesling og Robbie Simpson, Scotland. Simpson vart nyleg nr. 3 i VM i Langdistansefjelløp i Slovenia. Av dei norske er dei siste to års Norges meistar i motbakkeløp for senior Øyvind Heiberg Sundby , IK Tjalve den sterkaste utfordraren. Det viser seg dessverre at dei beste norske som no deltek i motbakkeløp i seniorklassa for menn er om lag 3-4 min. bak dei beste i verda når løpstida er ein time. Øyvind Heiberg Sundby var 4 min bak Schneider i fjor og i år er Schneider endå sterkare med ma. siger i eit Grand Prix-løp ( "Verdscupen i fjelløping). Det er også god internasjonal deltaking i veteranklassane.

I dameklassa er Europa – og Verdsmeistar Anita Håkenstad Evertsen , Øystre Slidre favoritt sjølv om ho har vore plaga med skader dei siste to åra. I fjor slo Anita , NM-vinnar may Britt Buer med 2 min. 15 sek, men i år blir det truleg meir spennande enn nokon gong. May Britt Buer, IL Gular stiller truleg også i år og kan bli ein sterk utfordrar til Anita. Buer vart nr. 3 i NM i motbakkeløp sist helg. Eit spennande namn er Thea Lillehov, Østerrike som er fødd i Noreg . men er no Østerrisk statsborgar og konkurrerer i både orientering og fjelløping på høgt nivå. Ellers har Therese Sjursen, BFG Fana hatt god framgang og nærmar seg toppen...

Buff Fanaråken Opp er eit fyrtårn for den raskt veksande motbakkeløp og topptur-rørsla i Noreg. Motbakkeløpbølgja rasar no over heile Noreg og representerer den største veksten ( Oppturen !) i talet på nye løp som vi har hatt i innan kondisjonsidrett i Noreg , frå 5 til 140 løp på 9 år med over 35.000 deltakarar i 2010 og i år blir det arrangert over 150 motbakkeløp. Det er trimmarane som har laga motbakkeløpbølgja. I dei aller fleste motbakkeløpa som har mål på ein fjelltopp er det trimklassane utan tidtaking som er dei største. Trimklassene startar fyrst og lagar ei fantastisk stemning på toppen når konkurranseløparane kjem stormande i mål. På Fanaråken er det i år venta at over 500 trimmarar vil lage reine "Tour de France-stemninga" når over 200 konkurranseløparar kjem i mål 2.068 moh ved Nord-Europas høgast liggjande turisthytte Fanaråkhytta.

Løpsleiar Anders Fortun i arrangørklubben IL Fanaråk vil minne på at påmeldingsfristen i konkurranseklassane går ut i morgon 20. juli kl. 23,59, men at etterpåmelding er mogeleg på www.fanaraaken.com fram til torsdag 4. august dersom løpet ikkje blir fullteikna i konkurranseklassane.

Mvh

Christian Prestegård

Styremedlem EUROPEAN ATHLETICS MOUNTAIN RUNNING COMMISSION

Redaktør på www.kondis.no/motbakke

Initiativtakar, Sponsoransvarleg Skåla 1848m rett opp, www.skaala.no

Initiativtakar, Sponsor og marknadsansvarleg for Buff Fanaråken Opp www.fanaraaken.com

Sponsoransvarleg Geiranger Halvmaraton www.frafjordtilfjell.com

Sponsoransvarlig Fløyen Opp www.floyenopp.no

Chr. Prestegård Motivasjons-Consult

Nils Collett Vogts vei 24

0766 OSLO

Bedriftsrådgjeving: motivasjon-salg-marknadsføring.

Motivasjonsforedrag, Kick-off. Treningsrådgjeving

Sponsorformidling med PR- / marknadsrådgjeving for idrett , kultur og næringsliv

tel 99 52 11 99

christian@prestegaard.no

http://www.facebook.com

alt

To blide vareggløpere på Kvasshovden - Eirik og Arild

2011-07-20 07:13:26