En av de ivrige koordinatorene for skisamlingen skisserer opplegget som følger:
"Då er det klart for samlinga på Geilo. Det er meldt bra ver og er gode forhold i løypeanlegget, så det er berre å gle seg!
Desse er med: Lars Ivar Berge, Brynjulf Vonen, Rasmus Vonen, Magnus Vonen, Knut Grove, Jan Kjærner-Semb, Markus Kjærner-Semb, Steinulf Tungesvik, Stian Hovind-Angermund og Hogne Sataøen. Dei åtte første overnattar på Øen, Hogne og Stian hos Hogne som har husvære på Geilo. Det gjeld også dei som måtte koma opp for å vera med på kortare deler av samlinga.
Utover skiutstyr, må alle ta med sengklede (evt sovepose) og håndklede. Mat blir ordna på Øen turistsenter. Meir om Øen her: http://oenturist.no/
Det blir høve til teknikkterping med instruksjon - skøyting laurdag kl 10 , klassisk sundag kl 1000. Begge øktene vert leia av godt kvalifiserte og erfarne skiinstruktørar.
Elles ordnar og avtalar deltakarane øktene seg i mellom. Dei som kjem tidlegast opp, får tid til to økter fredag, medan vi som kjem opp seinare tek sikte på ei økt fredag kveld. Så blir det to økter laurdag og ei eller to økter sundag, alt etter avreisetidspunkt. Tidspunkta for skiinstruksjon sikrar at vi kjem tidleg i gang :-)
For oss som kjem på kvelden er det også lurt å ta med hovudlykt.
Deltakarane har sjølve ansvaret for å ordna reise fram og tilbake. Så langt vi har oversikt, er NSB favorisert transportør, der deltakarane ser ut til å fordeler seg på avgangane utover dagen. Brynjulf er i første kontingent, og er på plass på Geilo frå ca kl 11.
Tilbake reiser dei fleste sundag kl 14.42 eller 16.30.
Vi ønsker gjengen lykke til!
2011-12-16 08:17:55