Verdifull Europacup-erfaring

Jentane til Varegg vart beste lag under NM terrengløp i Trondheim i oktober i fjor. Dei kvalifiserte seg dermed til å delta under Europacup for klubblag (European Champion Clubs Cup) som gjekk av stabelen i Albufeira, Portugal 3. februar. Her fekk dei bryne seg på topp europeisk motstand.

Eit sjukdomsforfall like før avreise svekka laget litt, men 4 topp motiverte jenter satte kursen mot Portugal. Løypa var krevande og bestod av ein sløyfe på ca. 1,8km som skulle springast 3 gonger i tillegg til ein kortare runde ved start, total distanse 6090m. Underlaget var gress med enkelte sandpartier og det var lagt inn diverse hindringar som tømmerstokker, ei ca. 2 meters grop og to 2 meters høge vollar som skulle forserast. Jentane starta kontrollert frå startbås nr.5. Etterkvart fann dei sin plass omtrent midt i det 75 kvinner store feltet. Christina Ellefsen Hopland oppna roleg og brukte deretter andrerunden til å jobbe seg opp i ryggen på Hilde Fenne. Dette enda med ein voldsom spurt mellom dei to Vareggjentane der til slutt Christina trakk det lengste strået. Kristine Fjellanger fulgte tett på og kom i mål 5 sek bak Hilde igjen. Bertine-Helene Færø opna flott, men fekk etterkvart merke at den siste vekas sjukdom ikkje heilt hadde sluppet taket. Ho måtte ha seg ein litan pit-stop på sisterunden då kvalmen vart for sterk. Sterk motivering frå støtteteamet fekk ho imidlertid i gong att og ho fullførte løpet slik at Varegg fekk ei plassering i lagkonkurransen (min. 4 løpare måtte i mål). Flott gjort! Varegg enda til slutt på 12. plass i lagkonkurransen, 2 poeng bak Storbritannia.

Dette var ei verdifull og kjekk oppleving for både løpara og støtteapparat som motiverar til vidare satsing. Me takkar Friidrettsforbundet for muligheten. No ventar ei vekes treningsleir. Bileter frå løpet på Vareggs facebook-side.

03.02.19