Sterkt i Aurland

AXTRI - Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon, gjekk av stabelen 12. august. AXTRI består av 1900m symjing i Aurlandsfjorden, etterfulgt av 98km sykling over Aurlandsfjellet til Erdal, før ein snur og syklar tilbake same veg over fjellet. Deretter 10km inn til Vassbygdi. Totalt ca. 3100 meter stigning på sykkeletappen. Konkuransen vert avslutta med ca. 21km (halvmaraton) løping frå Vassbygdi, opp Aurlandsdalen til Østerbø. Ca. 1100 meter stigning på løpeetappen. Som arrangøren så fint poengterar “The first 2 kilometres are flat, the remaining 19 kilometres are not”.

Varegg stilte med ein stor tropp på årets AXTRI, spesielt Fjellgeitene hadde tidleg sett seg ut denne konkurransen som eit av sesongens hovedmål. Totalt stilte i underkant av 20stk frå Varegg / Fjellgeitene til start i årets AXTRI.

Best av våre vart Lorentz Erland Linde som tok 2. plassen med sterke 6:47:29. Lorentz var nr. 52 etter symjeetappen, han jobba seg opp til nr. 7 etter sykkeletappen før han avanserte ytterlegare 5 plassar gjennom løpeetappen og enda på ein flott 2. plass.

Caroline Christie kapra òg ein gjev pallplass ved å verta nr. 3 i kvinneklassen. Ho jobba seg jamnt og trutt opp gjennom feltet før ho sprong i mål på respektable 8:22:08. Caroline kan dermed plassera enno ein premie på peishylla.

Dagens kanskje største overrasking var derimot triathlon-debutanten Lars Engeli. Rapportane frå vinterens symjetrening i ADO-arena tyda på at man ikkje kunne forventa oss altfor mykje av Fjellgeitenes hærførar, dette skulle heldigvis visa seg å vera ein feil antagelse. Lars, som kanskje har sin største styrke på sykkel i ein slik konkurranse, kom i land som nr. 92 etter symjeetappen for så å sykla seg opp til ein 17. plass før den avsluttande løpeetappen. Løping i motbakke passar Lars utmerket og han avanserte ytterlegare gjennom feltet for til slutt å enda på 14. plass med den sterke tida 7:20:42. Han vart dermed nest best av våre. Imponerande av ein triathlon-debutant!

Dagens uheldige var alltid like blide Elisabeth Kock. Eit fall på sykkeletappen medførte øydelagt gir og brutt løp. Elisabeth rapporterast å vera i fin form bortsett frå nokre få skrubbsår.

Elles var det flust med flotte resultat som alle kan studerast her: http://axtri.no/live-t...

Gratulerar til alle med flott innsats!

Flere bilder på Facebook: https://www.facebook.c...

12.08.17