Oxford Halfmarathon

Me vil prøva å arrangera ein fellestur til Oxford Half Maraton (http://oxfordhalf.co.uk/) som går av stabelen 8. oktober 2017. Dette er eit flott løp i ein flat og fin løype. I år (2016) var det ca. 7700 som fullførte dette løpet, stor folkefest og mykje heiing langs løypa. 

Foreløpig plan:

  • Fredag 6. oktober: Avreise Bergen (etter arbeidstid)
  • Laurdag 7. oktober: Sightseeing i Oxford, evt. fellestur til fantastiske Blenheim Palace (http://www.blenheimpal...) som er ein ca. 20min busstur unna Oxford (Winston Churchill er fødd og gravlagd her). 
  • Sundag 8. oktober: Halvmaraton startar 09:30 lokal tid. 
  • Sundag 8. oktober ettermiddag: Felleslunch/middag. 
  • Sundag 8. oktober, evt. måndag 9. oktober: Heimreise 

Planen er å bu på Bath Place Hotell (http://www.bathplace.c...) eit idyllisk lite vertshus frå 1600-talet, som er lokalisert midt i Oxford, ca. 300m frå start/mål. 

For å sikra oss plass på dette hotellet vil det vera påmeldingsfrist i løpet av mars 2017. Dersom du kan tenke deg å vera med kan du allereie no melda di interesse i dette skjemaet: https://goo.gl/forms/iIgfVPJfg5gFQeG33

Dersom du har spørsmål ang. turen kan du ta kontakt med Karl-Magnus på karl75tobi@hotmail.com / 450 85 356. 

Håpar du vert med!

08.10.17