Mektig Vareggmarkering i Oxford

Flott vêr, gode løpeforhold og godt humør gjorde Oxford Half Marathon til ei flott oppleving for en mektig Varegg-kontigent (37stk).

"Take on me" runga over Oxford like før start, noko som sjølvsagt fekk opp spiriten hjå den nordmenna. BBC Radio låg merke til den store delegasjonen av blåtrøyar i målområdet og slo til med eit intervju av Frank Heggernes. Han kunne fortelje BBCs lyttara om "the special team from Bergen". Same kanal intervjua òg lagets største stjerne, Bjørn Harald Bongom, før start.

Flat løype og flotte forhold førte til mange flotte persar, m.a. flytta Mette Fagerheim persen sin med over 10 min. Bjørn Harald Bongom vart beste Vareggløpar med tida 1:20:28, ei tid som holdt til 4. plass i M50-54. Magne Aunebakk vann klassen  M55-59 med tida 1:26:53. I klassa K45-49 var det heile 4 Vareggløpare på topp 10: Nancy Sommer på 3. pl (1:31:17), Christina Linde på 4. pl (1:33:42), Wenche G. Enes på 5. pl (1:25:50) og Cathrine Haugstvedt på 10. pl (1:41:25). Mange persar og mange blide Varegg-fjes etter løpet. Alle resultata kan studerast her:

https://us.virginsport...

Etter løpet var det fellesmiddag på idylliske The Trout Inn like utanfor Oxford der med m.a. fekk helsa på restaurantens huspåfugl! Elles vart det òg litt tid til å studera Oxfords fantastiske arkitektur og historie. Ein kjekk tur som styrka samholdet og fellesskapet i klubben. Stor takk til initiativtaker og reiseorganisator Karl-Magnus Tobiassen!

Frank "live on BBC"

Flott gjeng i historiske omgivelser

 

09.10.17