Fellestreninger for damene

Det går mot haust, og i den anledning er fellestreningar gull verdt.

I aktivitetskalendaren er det sett opp fire fellestreningar kun for damer. Dette er ein unik anledning til å samle damene og bli kjent med nye og gamle medlemmar i Varegg. Fokuset på treningane er tenkt å vere intervallar av det litt kortare slaget – eit friskt pust i vintertreninga som passar for alle.

Treningane er open for alle, jo fleire jo betre. Ta difor gjerne med ei veninne om du kjennar nokon som kunne tenke seg å begynne i Varegg.

  • 02.10 MÅNDAG: Post-STOLTZEN Roleg langtur. Oppmøte kl 19.30 på Skansemyren.
  • 04.11 LAURDAG: Baneintervall på Tertnes kl 11.
  • 30.11 TORSDAG: Haust-intervall i Leikvanghallen kl 19.00
  • 16.12 LAURDAG GODJUL-intervall i Leikvanghallen kl 11.00

28.09.17